Meny

Gå til Berg-Hansen.no
Presse
Kontakt oss

Oslo, ein guide utanom turistløypa

Raymond Engelstad Jamaris
Publisert 30. august 2017 av Raymond Engelstad Jamaris

Oslo er meir enn Karl Johan, Aker Brygge og Tjuvholmen. Dette er absolutt stader du bør få med deg, men her er tips om andre ting hovudstaden kan tilby.

Eg tar deg gjennom fire av bydelane i Oslo sentrum. Med eit knippe tips til hotell, restaurantar og lysløyper for trening eller trim. Perfekt for deg som er på jobb eller ferietur.

Grünerløkka – Ungt og hipt

Det fine med Grünerløkka er at det alltid er folkeliv. Med eit stort utval av restaurantar, barar og butikkar, gjer dette til eit pulserande område med avslappa og god stemning.

Bilde: Grafitti ved Blå

Mat:

Mathallen på Vulkan, kjøp litt av alt og sett deg midt i hallen og berre nyt. PS: Mathallen er stengt på måndagar. Vil du flotte deg kan du bestille bord på Restaurant Kontrast som har ei Michelin-stjerne.

Bilde: Scandic Vulkan

Olaf Ryesplass og Thorvald Meyersgate: Her finn du alt frå amerikansk, asiatisk, mexicansk, italiensk, spansk, fransk, norsk og vegetarmat med mykje meir.Burgerbølgja er over Oslo. Kan nemne Døgnvill Bar & Burger på Vulkan og Munchies i Thv Meyers gate. Den beste tapasen i byen får du kanskje på Delicatessen.

Drikke:

Vil du ha kaffe i verdsklasse, ta turen innom Tim Wendelboe.

Bilde: Tim Wendelboe

Tiki-baren Aku-Aku gir deg kanskje dei kulaste drinkane i byen; gin og coctails på Chair, Bar Boca eller Perla, øl på Grünerløkka Brygghus eller stor vinmeny på hyggjelege Territoriet for å nemne nokre.

Bilde: Territoriet

Tur:

Spasere eller jogge opp langs Akerselva. Grøn, fin og opplyst lunge.

Overnatting:

Scandic Vulkan, kult hotell like ved Mathallen. Kort veg til det meste.

 

Majorstuen – Posht i Oslo vest

Bogstadveien og Hegdehaugsveien, her er det minst like bra tilbod av butikkar som i Oslo sentrum. Kort veg med trikk og T-bane til sentrum.

Bilde: Uteservering på Lorry Restaurant i Parkveien

Mat:

Kan indisk freiste? Ta turen innom Mother India. Den beste sushien i Oslo? Gå til Alex Sushi! God burger like ved Colosseum Kino får du på Kverneriet. Eller meir eksklusivt og fransk på Hos Thea.

Drikke:

Bobler på Champagneria eller Solli plass, her finn du det meste av barar og kafear. Bra uteservering i sola på Kafe Oslo på Litteraturhuset.

Bilde: Litteraturhuset, Kafe Oslo

Tur:

Legg spaser- eller joggeturen i sikksakk inn sidegatene på Frogner og Majorstuen. Flott og vakker arkitektur overalt. Frognerparken er også eit bra alternativ, her får du trim og kultur i ein og same pakke!

Bilde: Rosa bygård i Sorgenfrigata

Overnatting:

Saga Hotel, tradisjonell bygård frå slutten av 1800-talet, renovert til moderne og veldig god standard. Dei har også leilegheiter som høver for lengre opphald.

Bilde: Saga Hotel

Grønland: Oslo møter verda

Bydelen med yrande folkeliv og mange inntrykk. Har blomstra opp i takt med utbygginga av Bar Code-området. Steinkast unna Oslo S, vel verdt turen.

Bilde: Grønnsakforretning Grønland

Mat:

Curry som fast food? Ja, det finn du på Punjab Tandoori.

Bilde: Punjab Tandoori. Foto: Mari Ringnes Nordgård

Vel verdt eit besøk på Olympen eller Lompa på folkemunne. Her er det god meny med mellom anna Skandinavisk husmannskost.

Bilde: Olympen. Foto: Mari Ringnes Nordgård

Trestjerners Michelin-restaurant? Ja, den einaste i Noreg med tre stjerner er Maaemo.

Drikke:

Oslo Mekaniske Verksted med servering både ute og inne, populær møtestad i området. Billig øl får du på mange av dei brune pub’ane som blant anna Bobs Pub. Dattera til Hagen har ein deileg bakgård til bruk på sommarstid.

Tur:

Ta turen til Middelalderparken med ruinar etter Oslo sin eldste busetnad. Du går då mellom anna forbi Oslo fengsel, kjend frå Olsenbanden filmane. Her er også ein park som er mykje brukt om sommaren. Eller ein tur langs vakre Akerselva.

Bilde: Vakkert langs Akerselva. Foto: Mari Ringens Nordgård

Overnatting:

Det er eit flust av hotellet like ved, kan mellom anna nemne Radisson Blu Plaza og Thon Hotel Terminus.

Bilde: Tiger i senga – Thon Hotel Terminus

Oslo sentrum – Off track

Frå å vere noko du går gjennom på veg til Grünerløkka, er Torggata og Youngstorget fylt opp av restaurantar, butikkar, barar og utestadar. This is the place to be!

Bilde: Würst

Mat:

I Strøget finner du Würst; pølser og øl er ein vinnar! Arakataka, rimeleg gourmetmat. Eit hav av asiatiske restaurantar, la ikkje dei enkle lokala lure deg. Her er det virkelig god mat til rimeleg penge!

Bilde: Da Lat Cafè – God Vietnamesisk mat til ein rimeleg penge

Drikke:

Her er det så mange stader at ein ikkje kan nemne alle. Ta turen til ein av verdas 50 beste barar; Himkok, så ein av mine favorittar Torggata Botaniske. For dei som likar øl, gå til Crow Bar.

Bilde: Diskret inngang til Himkok

Tur: Hald deg innandørs på ein av dei mange serveringsstadene, eller bestill deg billett til musikal på Folketeateret. Det er lov å slappe av litt.

Overnatting: Clarion Collection Hotel Folketeateret ligg i den hyggjelege Folketeaterpassasjen med fleire restaurantar. Ellers har du hotell i alle prisklassar i kort avstand.

Bilde: Folketeaterpassasjen

Kos deg i Oslo, Tigerstaden er ganske fin når du blir kjent med den! 🙂