Meny

Gå til Berg-Hansen.no
Presse
Kontakt oss

Oslo, ein guide utanom turistløypa. Del to!

Raymond Engelstad Jamaris
Publisert 8. desember 2017 av Raymond Engelstad Jamaris

I min tidlegare blogg om Oslo, tok eg deg med gjennom bydelane Grünerløkka, Majorstuen, Grønland og sentrum. No vil eg ta deg med til Tøyen, Sørenga, Frogner og St. Hanshaugen. Her får du tips om hotell, restaurantar og lysløyper for trening eller trim. Perfekt for deg som er på jobb- eller ferietur.

Tøyen – nye Grünerløkka

Oslo har satsa på denne delen av byen og det har gitt resultat. På det før ganske triste Tøyensenteret, har det no kome fleire kafear, restaurantar og utestader som har livna opp området. Du finn også Munch Museet fram til det flyttar til Bjørvika, og ikkje minst Øyafestivalen som blir arrangert kvar sommar her.

Bilde 1: Grafittikunst Tøyen, foto Mari Ringnes Nordgård

Bilde 2: Grafittikunst Tøyen, foto Mari Ringnes Nordgård

Mat:

Prøv Grådi som serverar middagsbaserte smårettar til god pris. Enten du skal ha lunsj, brunsj, middag, eller noko å drikke. På Brutus får du servert naturvin og mat basert på enkle råvarer med grønnsaker i fokus. For ein meir uformell og avslappa stad, er Postkontoret på Tøyensenteret staden, enten du skal ha deg noko å drikke, ete ein god pizza, eller begge delar.

Bilde 1: Grådi

Bilde 2: Brutus Restaurant og vinbar

Tur:

Tøyenparken passar perfekt både for intervalltrening, eller det å liggje strak ut i sola. Like ved finn du Tøyenbadet klar for ein forfriskande dukkert. For å ikkje gløyme Botanisk hage, med ei samling på over 5.500 planteartar frå heile verda. Kva med ein tur til våren, når ting byrjar å blomstre?

Bilde: Kaféen Handwerk Botaniske, foto Mari Ringnes Nordgård

Overnatting:

Det er såpass kort veg til sentrum at du kan finne overnatting der. Kva med å bu sentralt på Thon Terminus, eller Comfort Karl Johan? Då bur du midt i smørauget.

Bilde: Comfort Hotel Karl Johan

Sørenga – Fjordutsikta

Operaen, Barcode, Deichmanske og Munch Museet! Dette er noko av det du finn og etterkvart vil finne her. Det vert bygt mykje og kranene står tett i tett. Du vil likevel sjå at det allereie er ein stad med mykje tilbod av restaurantar og kafear. På sommaren er dette området ein utfordrar til Aker Brygge og Tjuvholmen.

Mat:

Burgeren på Bun’s Burger må du berre prøve! Ynskjer du noko meir fancy til lunsj eller middag, må du prøve Vaaghals.

Bilde 1: Bun`s Burger

Bilde 2: Vaaghals

Tur:

På sommaren må du ta deg ein dupp eller henge på Sørenga Sjøbad. Med mellom anna sandstrand og stupebrett, er dette ein fantastisk plass i sola og blitt ein av Oslos hotspot i sommarvarmen.

Jogge, sykle, gå? Her kan vi tilrå ein tur langs havnepromenaden. Går du vestover får du mellom anna med deg Operaen, Akershus festning, Oslo Rådhus, Aker Brygge og Tjuvholmen. Promenaden tek deg heilt fram til Frognerstranda.

Skreddersy din pakke til Oslo her

Bilde: Sørenga

Overnatting:

Comfort Grand Central eller Thon Hotel Opera er næraste nabo til Sørenga. Dei ligg lokalisert veldig sentralt og fint, rett ved Flytoget.

Bilde: Comfort Grand Central

Frogner – beste vestkant

Roleg og flott bydel som er prega av store byvillaer og fornemme bygardar. Her finn du dei fleste ambassadane og ambassaderesidensane. Frogner vert sett på som det dyraste bustadsområdet i Noreg.

Mat:

Er du glad i søtsaker er Gioia noko for deg; iskrem og crêpes. Eller kva med Sawan? Ein moderne thai restaurant. Prøv også ein av dei mange gode drinkane som vert servert der.

Bilde 1: Restaurant Sawan

Bilde 2: Gioia

Tur:

Frå Tjuvholmen kan du gå langs havnepromenaden til Frognerstranda. På vegen kan du ta deg ein stopp på Kongen Marina. Her har du flott utsikt til Frammuseet på Bygdøy og det yrande båtlivet om sommaren. Dersom du ikkje har fått med deg Frogner og Vigelandsparken, er dette på tide. Enten for ein tur med kaffe i handa, eller med joggeskoa på for høg puls.

Sjekk ut kule opplevelser i Oslo her

Bilde 1: Utsikt frå Kongen Marina, foto Rolf Arne Indal

Bilde 2: Palmesus på Kongen Marina, foto: Rolf Arne Indal

Overnatting:

Saga Hotel er eit koseleg hotell like ved Bogstadveien, og Clarion Collection Gabelshus ligg i eit flott nabolag midt i hjartet av Frogner.

Bilde: Clarion Collection Hotel Gabelshus

St. Hanshaugen – vest møter aust

St. Hanshaugen er ganske så midt i byen, med kort veg til sentrum, Grünerløkka og Majorstuen. Det er kanskje difor denne bydelen er eit attraktivt bustadområde. Med grøne lunger og rikt utval av butikkar og restaurantar, er dette ein favoritt blant mange i Oslo.

Mat:

Smalhans serverar lokal husmannskost og passar for alle anledningar om du er saman med vener, familien eller kjærasten. Restaurant Schrøder ligg like rundt hjørnet og er litt brun og rustikk. Bestill deg dagens rett til ein rimeleg pris. Tek også med Kolonialen, som eigentleg ligg på Bislett. Her får du bistrostemning med referanse til det franske kjøkkenet.

Bilde 1: Smalhans

Bilde 2: Kolonialen Bislett

Drikke:

Ta turen innom ROSL eller Rouleurs of Oslo, og få sørvis på sykkelen medan du tek deg ein kaffe, eller eit glas vin og ventar. (Eller ta ein stopp her på sykkeltur i byn.) Pascal freistar med kaffe og deileg fransk Macaron og Petit fours.

Bilde 1: Rosl

Bilde 2: Petits fours på Pascal

Tur:

St. Hanshaugen park er perfekt for søndagstur eller trening. På sommaren er den mykje brukt til piknik og konsertar.

Overnatting:

Scandic Vulkan ligger rett ved Mathallen, som for øvrig er kåra til å  den tredje beste mathallen i Europa.

Bilde: Scandic Vulkan

No håpar eg du har fått inspirasjon til å gå ut i det vesle, store Oslo. Nyt!