Meny

Gå til Berg-Hansen.no
Presse
Kontakt oss

Les dette før du stryk ein tiger!

Raymond Engelstad Jamaris
Publisert 25. juni 2018 av Raymond Engelstad Jamaris

Eg har lese at bruken av dyr i turistindustrien ikkje er så bra! Eg tok difor kontakt med NOAH, ein organisasjon som fremjer dyra si sak, og spurte om å få meir informasjon om dette temaet. Eg fekk tilsendt ein interessant artikkel der det står mykje om dette.

Lenkja til denne finn du nedst i bloggen.

Tiger, fangenskap, NOAH

Bilde: Tiger i fangenskap i Thailand

Etter mi meining høyrer dyra heime i den frie naturen. Men med føremål om god inntening frå uvitande og spaningssøkjande turistar, er dette blitt ein stor industri. Eit kjent døme for oss nordmenn, er tigertempelet i Thailand. Der betalar turistar for å klappe og mate såkalla tamme tigrar. Dette er ein kommersiell business der tigrane blir halde fanga, dopa ned og temde med utgangspunkt i grov vald.

apekatt i band, NOAH

Bilde: Apekatt i band

Eit anna døme er fotografering saman med ein apekatt eller elefantriding, det er jo ganske uskuldig!? Kanskje du ser det dyret i nokre minutt for å så gå vidare, men dyret går og står der heile dagen…

Elefantriding, Thailand, NOAH

Bilde: Elefantridning i Thailand

Fattigdom driv ofte folk til å halde dyr i fangenskap for å tene litt pengar. Men hugs at det er andre måtar å bidra på, enn at dyr vert haldne i fangenskap. Sjekk ut lokale organisasjonar og sjå om du kan hjelpe til på andre måtar i staden for.

Hval, NOAH

Bilde: Kvalsafari i Sri Lanka, utanfor Mirissa. Bilde: Charlotte Hansen

Er det alternativ? Jo, det er fleire mogelegheiter! Delfin/kvalsafari, som så og seie er utanfor døra vår (i alle fall kval). Ein seriøs aktør på dette vil ta deg med ut på havet og du kan nyte synet av dei majestetiske dyra, på god nok avstand.

Fleire stader kan du også vitje såkalla «Animal Sanctuaries» som ved høve opnar opp for publikum. Dette er ofte dyr som er redda frå mishandling og blir tekne hand om av frivillige.

Så om du undersøkjer litt i førekant av di reise, kan du med godt samvit få gode opplevingar i ferien din.

Tenk deg om ein ekstra gong før du lèt deg rive med. Vi må ta vare på alle, også dyra!

Eg tok kontakt med NOAH og spurte om å få meir informasjon om dette temaet. Les informasjonen her.

Takk til NOHA for lån av tekst

 

Delfiner, NOAH

Bilde: Flokk med delfinar utanfor Mirissa, Sri Lanka. Foto: Charlotte Hansen