Meny

Gå til Berg-Hansen.no
Presse
Kontakt oss

Berith og Wenche testar Thon hotels Bergen

Raymond Engelstad Jamaris
Publisert 18. juli 2017 av Raymond Engelstad Jamaris

Thon Hotels held fram med sin suksess med oppussing av sine hotell! Og Bergen er inga unntak, for her har vi høyrt at det har skjedd mykje bra!

Bilde: Thon Hotel Orion Foto: Thon Hotels

Dette må jo sjekkast nærare ut og vi tek med oss ekstra mannskap, to glade damer frå Askøy, på ein rundtur for hotelltesting!

Vi skal sjekke dei tre Thon-hotella i Bergen sentrum, Thon Bristol, Thon Rosenkrantz og Thon Orion.

Les også:

Thon VS Radisson i Stavanger

Bo på verdens beste hotel i Bratislava

Bilde: Berith og Wenche på Thon Hotel Rosenkrantz, Bergen Foto: Raymond E Jamaris

Thon Hotel Bristol

Her er nyhenda flunkande ny frukostsal i toppetasjen. Tilbakemeldingane er at frukosten er topp! Er du heldig å få oppleve sol i Bergen, så kan du sette deg ut på balkongen og nyte ein god frukost med utsikt over Torgalmenningen. «Dette likte vi, seier Berith og Wenche!»

Bilde 1: Frukostsalen på Thon Hotel Bristol Foto: Raymond E Jamaris

Bilde 2: Frukost på Thon Hotel Bristol Foto: Thon Hotels

Thon Hotel Rosenkrantz

Dette hotellet har etter kort tid utmerka seg som ein favoritt i Bergen på fleire rangeringar. Som namnesystera i Oslo, er hotellet på topplista på Tripadvisor over hotell i byen. Kan vel ikkje sei noko anna enn at alt er bra her. Legg merke til at du får kveldsmat inkludert i prisen her.

Bilde 1: Thon Hotel Rosenkrantz, Bergen Foto: Raymond E Jamaris

Bilde 2: Wenche og Berith testar sengene på Thon Hotel Rosenkrantz Foto: Raymond E Jamaris

Thon Hotel Orion

Thon Hotel Orion sa du? Ja, det er tidlegare Thon Hotel Bergen Brygge som har teke igjen sitt gamle namn . Her vil du nok ikkje kjenne deg att, for dette hotellet er totalt oppussa! Med 60-års jubileum i år har denne damen verkeleg tatt på seg finstasen! Her får du også servert kveldsmat mellom klokka 18.00 og 21.00 i toppetasjen, med flott utsikt over byfjorden. Hotellet har ei fin plassering på Bryggen, og er verkeleg ei perle.

Bilde 1: Rom på Thon Hotel Orion Foto: Thon Hotels

Bilde 2: Frukostsalen på Thon Hotel Orion Foto: Raymond E Jamaris

Berith Thorbjørnsen og Wenche Folgerø var godt nøgd og gir tommel opp for standard og omvisninga! Berith skal overnatte på Thon Orion ved ein seinare høve og gledar seg til det.

For å toppe det heile, avslutta vi med konsert på Koengen med ikkje mindre enn storartisten Sting. Og her ligg Thon Hotel Orion like ved. Greit å vite om du skal på konsert i Bergen

Følg oss på Facebook, kanskje du får bli med oss neste gong?